Wednesday, July 30, 2014

Vedtekter


Vedtekter

Vedtekter for Sogndal Indremisjonsforsamling 

§ 1 GRUNNLAG

Sogndal Indremisjonsforsamling (heretter SIM) står tilslutta Indremisjonsforbundet gjennom Sogn og Fjordane Indremisjon og arbeider i samsvar med lovverket for organisasjonen. Forsamlinga sitt grunnlag kjem til uttrykk i grunnreglane for Indremisjonsforbundet § 2. 
Forsamlinga sitt mål er å gjera menneske til bevisste etterfølgjarar av Jesus Kristus. 

Note: § 2 lyder: Indremisjonsforbundet byggjer arbeidet sitt på Guds ord og den evangelisk- lutherske vedkjenninga. På dette grunnlaget kallar og sender forbundet ut arbeidarane sine.

§ 2 FØREMÅL 

Forsamlinga har som føremål å føra menneske til Jesus Kristus, hjelpa dei til å bli modne kristne og utrusta dei til teneste i forsamlinga, samfunnet og til misjon i verda, for gjennom alt å æra Guds namn.
For å nå dette føremålet vil ein til ei kvar tid forkynna Guds ord gjennom dei tiltak, verkemiddel og kanalar ein finn tenleg. I dette arbeidet vil vi leggja vekt på lovprisinga, fellesskapet, undervisninga, tenesta og evangeliseringa.

§ 3 MEDLEMMENE

SIM består av dei medlemmene som melder seg inn, som er einige i § 1 og § 2 og vedkjenner seg for å vera personleg kristne og betalar den årskontingenten som årsmøtet fastset. Medlemmene vert oppfordra til å leva som kristne i samsvar med vår vedkjenning, samlast om Guds ord og nådemidla, og i kjærleik tena forsamlinga og våre medmenneske slik at Guds rike kan veksa. 
Hyrde- og lærerådet pliktar å stengja for medlemsskap dei medlemmer som trass tilrettevising lever i strid med Guds ord. (Matt. 18, 15-17)

§ 4 ÅRSMØTET

a. Årsmøtet er SIM sitt høgste organ og vert halde kvart år innan utgangen av februar. Alle som er medlemmer og har fylt 15 år, har stemmerett på årsmøtet. 
Årsmøtet behandlar:
- Styret si årsmelding
- Val 
- Revidert årsrekneskap
- Lovendringar
- Andre saker som styret eller medlemmene legg fram (jf. pkt. e)

I samtale om arbeidet skal det leggjast vekt på det åndelege livet i forsamlinga, om den oppfyller det føremålet den har, og om forsamlinga opplever at den når sin visjon.

b. Etter framlegg frå leiarskapet vel årsmøtet: 
- 5 medlemmer til leiarskapet
- Formann i leiarskapet
- 3 medlemmer til hyrde- og lærerådet
- Revisor til årsrekneskapen

c. Årsmøtet gjer sine vedtak med vanleg stemmefleirtal. Lovendringar krev 2/3 fleirtal.

d. Vil nokon ha ei sak fram for årsmøtet, må saka vera send til leiarskapet seinast to veker før årsmøtet skal haldast. Berre leiarskapet og medlemmer i forsamlinga kan komma med framlegg til lovendringar.

e. Det kan kallast saman til ekstraordinært årsmøte når mins 2/3 av medlemmene i leiarskapet eller 2/3 av medlemmene i forsamlinga ynskjer det.

f. Protokoll frå årsmøtet skal sendast til krinsstyret i Sogn og Fjordane Indremisjon.

g. Årsmøtet bind forsamlinga rettsleg, men kan gje fullmakt til leiarskapet i enkeltsaker.

§ 5 LEIARSKAPET

a. SIM vert leia av eit leiarskap som er høgaste organ mellom årsmøta.
b. Leiarskapet er samansett av fem medlemmer som vert valde for to år om gongen, såleis at det kvart år vekselvis går to eller tre medlemmer ut av leiarskapet. Desse kan veljast att. Leiarskapet er vedtaksført når minst tre av medlemmene er til stades. Dei vel seg imellom nestformann.
c. Forsamlingsleiaren møter i leiarskapet med tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett.
d. Leiarskapet held møte når formannen kallar inn til det eller eit fleirtal av styremedlemmene krev det.

§ 6 LEIARSKAPET SINE OPPGÅVER

a. Leiarskapet skal
• setja i verk og føra kontroll med dei vedtak og avgjerder som årsmøtet gjer
• forvalta og føra kontroll med SIM sin økonomi. Større økonomiske saker må leggjast fram og drøftast på årsmøtet i forsamlinga
• sørgja for at arbeidet vert drive i samsvar med SIM sine vedtekter og visjon

b. Leiarskapet kallar og tilset, etter fullmakt frå årsmøtet, dei arbeidarane forsamlinga treng, i samråd med styret for Sogn og Fjordane Indremisjon. Arbeidarane vert formelt tilsette og lønna av krinsen i samsvar med gjeldande lønns- og arbeidsvilkår.
c. Leiarskapet skal kalla inn til eit medlemsmøte i starten av haustsemesteret for å informera og samtala om arbeidet. Om leiarskapet ynskjer det, kan det haldast fleire slike møte i løpet av året.
d. Leiarskapet kallar inn til årsmøte og tilrettelegg alle saker som skal handsamast av dette.

§ 7 HYRDE- OG LÆRERÅD

a. Hyrde- og lærerådet er samansett av tre menn som har tillit i forsamlinga. Dei vert valde for to år om gongen såleis at det kvart år vekselvis går ein eller to medlemmer ut av rådet. Forsamlingsleiaren (om det er tilsett nokon) har møte- og talerett i rådet. Hyrde- og lærerådet har til hovudoppgåve å visa åndeleg hyrdeomsorg for medlemmene. Det skal ivareta eit særskilt hyrde- og læreansvar ved å sjå til at forkynninga og forsamlingslivet er i samsvar med Guds ord og den evangelisk-lutherske vedkjenninga. Ved avvik eller lærestrid har hyrde- og lærerådet ansvar for rettleiing og formaning.
b. Medlem som lever i strid med Guds ord, skal behandlast etter Matt. 18,15-18. Medlem som ikkje lever i samsvar med § 3 i desse vedtektene, kan ikkje vera medlem i forsamlinga.

§ 8 OPPHØYR

Dersom SIM blir lagt ned, går midlar og eigedom forsamlinga har, til Sogn og Fjordane Indremisjon. 

§ 9 LOVENDRING

Årsmøtet i SIM kan endra desse vedtektene med 2/3 fleirtal, jf. § 4 b, d og e. § 1 og § 2 kan ikkje endrast.

Godkjent i årsmøtet for Sogndal Indremisjonsforsamling torsdag 17. februar 2005
Endring av §4 b og d vedteke samrøystes på årsmøte 05.april 2006

Kårhild Neset Atle Bondevik Helge Svendsen
signatur signatur signatur