Wednesday, March 29, 2017

Kva&Kvifor


Kvifor er vi og Kva gjer vi ?

Sogndal Indremisjonforsamling – SIM er ei relativt ny forsamling som er i vekst. Sidan me er vel forankra i det etablerte bedehusarbeidet så starta me ikkje frå null. Derfor har me ein medlemsmasse med stort alderssprik frå spedborn til besteforeldre. Vårt ynskje er å være eit felleskap som gjev eit rikare liv.

 

Storsamling. Dette er hovudmøtet vårt, her treffes vi annakvar Søndag på tvers av alle generasjoner til lovsang forkynnelse og sosialt samvær. Desse forsamlingane er det gjerne 50 voksne pluss mange barn.

 

Kveldssamling/Lovsangssamling. Ein gong i månaden har vi samling som startar kl. 19.30 på søndag kveld. På kveldssamlingen har vi som regel nattvert og vitnemøte, utanom forkynning. På lovsangssamlingen er det meir fokus på å bruke tid til å prise Gud.

 

Husfellesskap. Vi ynskjer at alle som vil skal kunne oppleve velsignelsen det er å være ein del av eit mindre felleskap. Etter kvart som me veks i antall blir det meir aktuelt å ha eit mindre livsnært felleskap. Her kan ein bli betre kjend med kvarandre seg sjølv og Jesus.
Vi ynskjer å leggje til rette for slike grupper. Ta kontakt!!

 

Barnegospelen. Kvar måndag samlast over 30 born til song og morro på SIM-huset. Mange foreldre er med under øvinga også.

 

Ving. Dette er vårt tilbod til borna frå 4-7 klasse. Samling annakvar Onsdag . Andakt, turar og hobbyarbeid av ulikt slag, nokon gongar litt mat, og nokre gongar er det loddtrekning

 

Basecamp Equip og Cafè. Dette er tenåringsarbeidet vårt som held til på SIM-huset. Det skjer annakvar Fredag.

 

Misjon. Dette er for oss uløyseleg knyta til det kristne felleskapet. Misjon er ikkje noko me gjer men noko me er. Me ynskjer å driva indremisjonsarbeid gjennom forsamlinga og ytremisjonsarbeid gjennom å støtta misjonærar. Det vert gjort gjennom å støtte arbeid som vert drive mot borneheimar i Burma. Dette arbeidet vert besøkt av medarbeidarar i forsamlinga eit par gonger i året!